Å vera eit forbilde



Kva vil det sei å ver eit forbilde?

Det er noko som eg har tenkt på, og igrunnen kanskje litt ekstra etter Sophe Elise ga ut si bok som kalles for forbilde. Kan man som 35 åring framleis ver eit godt forbilde for yngre menneske? Som lev i eit totalt anna samfunn enn kva eg gjorde når eg vokste opp?

 

 

Verdiar: 

Når eg tenkje ordet forbilde, så tenkje eg at eg kan ver det med mine verdiar. Eg ynskjer å ver inkluderande, ei som bryr seg, dette med dyr og miljøvern har eg nemnt før, eg ynskje meir å våge å snakke åpent om psykisk helse, kanskje det kan føre til at andre som ikkje tørr, vågar? Få bort stigmaet med å slite psykisk. Me er like ´vanlege´ som menneske. Eg er meg fullt ut med eller uten spiseforstyrrelsen f.eks. 

 



 

Nestekjærleik

å bry meg om andre, vera der for andre har alltid vore viktig for meg. Men eg har også byrja å setje grense for dette og. Fordi eg har berre ein begrensa kapasitet. Men eg vil så gjerne - og eg er ein persom som vil mykje, som lett blir utbrent pga det. Difor jobbe eg no med å setje grenser. Men det er lov å ta kontakt med meg sjølvsagt, eg kjem berre til å sei ifrå dersom eg ikkje har overskudd. Det trur eg også er å vera eit forbilde. Fordi eg trur grenser er med på å skape trygghet. Du veit meir kor du har ein person som våger å sei nei når personen er utslitt kanskje. Då kan det ver enklare å spør igjen, fordi man veit vedkommande seier ifrå om ein ikkje har tid eller overskudd. 

 

Utsjåande

Eg kan velge å sminke meg, for.å føle meg vel, men eg kan og velge å ikkje sminke meg og kanskje føle meg litt mindre vel. Mange trur så lenge dei sminkar seg, tek ein operasjon, botox eller kva det skulle vere - så vil dei finne lukka. Eg har aldri gjort slik. Einaste eg har gjort er å farge håret. På grunn av spiseforstyrrelsen vil eg jobbe med å godta den kroppen eg har. Kroppen er verdifull, uansett korleis du ser ut. Det er eit mål for meg i 2017, få meir avslappa forhold til kropppen. Ja, eg veit ein spiseforstyrrelse er ein sjukdom, og den vil kanskje alltid vera der. Men det går ann å jobbe med den like fullt ut for det. Kanskje når andre ser at eg tørr å snakke om det, så tørr dei og? Eg seie ikkje det er enkelt å leva med ein spiseforstyrrelse. Kan skrive eit eige innleggg om det. Men eg trur og har sett i eige liv at det går ann å jobbe med det. 


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

skribentenshjoerne

skribentenshjoerne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits