Skammens arr, tåler du de?

 

No skal eg skrive eit innlegg som er sårt for meg å skrive, nemlig om arrene mine etter sjølvskading. Tåler du de?

Fyrst kom spiseforstyrrelsen som 15 åring, deretter kom sjølvskadingen. Eg kunne straffe meg for å ha spist, hadde stemmer i hode som fortalte eg skulle skade meg, fikk blockouts og skjønte ikkje at eg gjorde det, og den psykiske smerten var så stor at eg grein blod istedefor tårer. Sånn var det opp og ned i perioder, senest i vinter då eg hadde ein veldig tøff periode. 

Nå har eg lagt bak meg sjølvskadingen, og vil aldri gjer det igjen.

Det er så flaut og skamfullt å kome på legevakta for å måtte sy. Men eg har vore heldig, uansett kor eg har budd hen har eg blitt møtt med respekt og forståelse for det meste. Eg veit om folk som ikkje har det desverre. Så eg har vore veldig heldig der. Men følt meg så liten når eg har vore på legevakta, eller vore innlagt på psykiatrisk avdeling og skada meg, der sykepleieren må plastre sårene, ta stingene, og følge med. Det er ikkje mykje kult.

Wooden heart with a plaster. Isolated on a white background.

 

No sit eg her, med masse dumme arr, det nærme seg sommer og det skremmer livskiten utav meg. Ja, sjølvskadingen blei min måte å ´overleve´ på. Men no sit eg her, med arr, og eg undrer, tåler du de? Tåler du arrene mine? Skal eg i sommer våge å gå med t skjorte og shorts og vise arrene? Heve meg over det og tenkje: Tenk så bra, eg overlevde smerten, arrene er ein påminnelse på ein tøff kamp som eg overlevde. 

Men kva vil andre tenkje om de ser arrene? Vil de se stygt og skamfullt på meg? Vil de ikkje vera vennen min lenger fordi eg har arr? Alle har me arr, enten det synes eller ikkje. Desverre synes mine, eg angre og skulle ynskje eg aldri hadde byrja med sjølvskading... Men eg hadde ikkje valg, eg måtte overleve stemmene i hodet mitt, skammen over å spise og føle seg tjukk. Eg overlevde med å skade meg.

Sliter du med sjølvskading eller har tanker om det? Ikkje begynn med det, slutt nå! Be om hjelp, det går ann å kome utav det. Ikkje bli som meg som sit her skamfull med masse arr.... Men våg å snakk om det vonde, våg å dele det du kjenner på.



 

5 kommentarer

Sarah Nazeem

21.04.2017 kl.12:28

<3

Skribentens hjørne

21.04.2017 kl.13:40

Sarah Nazeem: < 3

Sbx

21.04.2017 kl.20:46

Jeg tåler det, og jeg stirrer heller ikke. Kan godt tenke meg det er noen som kommer med spørsmål, men vi er som vi er, og kroppen vår bor vi i. Noen har hatt det tøft, andre har hatt det enkelt, noen er små og noen er store. Osv.. Et tips er å smøre ofte med BioOil, fås vel kjøpt på Vita og mange andre steder, det toner det ned og myker opp.

Gå i t-skjorte, og ha en fin sommer <3

Bente

21.04.2017 kl.23:24

Dette var eit godt og reflektert innlegg. :) Likte måten du skildra problemstillinga på.

Ja, me toler å sjå arra dine! Kle av deg, og nyt sumaren. :) Men eg forstår og redsla for undrande, samt stygge blikk og eventuelle spørsmål. Berre hugs på at me ofte overanalyserar tenkte situasjonar på negative måtar. For som regel går det betre enn me trur på førehand.

Stå på vidare, du tøffe, modige unge kvinne. :)

Klem.

Skribentens hjørne

22.04.2017 kl.11:45

Bente: tusen takk for kommentar, den gir meg
mot til å tørre å vise arrene :-) klem tilbake :-)

Skriv en ny kommentar

Skribentens hjørne

Skribentens hjørne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits