Eg levde eit dobbeltliv.



 

Før eg kom til kvinesdal så levde eg eit dobbelt liv. Eg lata som at alt var bra på utsida, men eg hadde dårlige periioder og var innlagt på psykiatrisk. Eg sleit med meg sjølve og turte ikkje ver ærleg med venner og familie. De visste det og skjønte nok meir enn eg sa, men eg klarte ikkje å erkjenne at eg hadde eit problem. Eg kjente skam og følte meg ´feilplassert´ i samfunnet. 

Etter kvart vart det slitsomt å leva dette dobbelt livet, eg følte eg løyg til de rundt meg i perioder, og de få gongene eg turte å sei noko fekk eg panikk. Men smellen kom i 2013, då var det eit faktum, eg hadde teke vatn over hovudet og var utslitt. 

Det kan skje kven som helst å bli sjuk, det er ingen forutsetjing om det kan skje deg eller meg. Kanskje var eg berre ´uheldig´ med at eg fekk min barndom, min oppvekst og eit vanskeleg voksenliv. 

Korleis klarte eg så å slutte å leve dette dobbelt livet? Kva skjedde, og kor kom endringa? Endringa kom då eg kom til den fine koselige bygda, eg fekk oppleve ekte og ærlige menneske, de er seg sjølve med sine ting, og det prega meg veldig positivt. Etter råd frå psykiatrien byrja eg å blogge, og gjennom bloggen har eg følt eg har kunne dele meir, vera ein stemme ute i samfunnet der folk kan få opp augo for psykiske lidelser. 

Mange som slit tek seg saman, det er ein ´automatikk´. Ofte har eg tenkt det hadde vore så mykje enklare med ein brukken fot, fordi det er synleg. Psykiske lidingar er ikkje synlige stort sett. (Det finnes jo klart unntak)

Det eg vil fram til er at å leve eit dobbelt liv er slitsomt, man lurer berre seg sjølve, og man vert sin verste fiende. Vener vil berre vel og hjelpe har eg erfart, de ser ikkje rart på meg fordi eg sliter med mine ting, men de har fått endå meir respekt fordi eg er ærlig. Sjølvsagt delar eg ikkje alt, eg har mine ´begrensingar´ på kva eg vel å dele. Men eg håpar denne bloggen kan vera til hjelp for andre, at andre kan tørre å be om hjelp, og sjå at de ikkje er åleine med å slite. 

Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg, og eg set pris på alle tilbakemeldinger eg får. 



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits