Sjølvskading, eit tabu tema.



 

Sit her på psyk, i ein svart sofa, alt er Ikea innreda i stua. Det er varmt ute og eg er blitt solbrent. Men kva gjer sommeren med meg?

Når eg skade meg, veit eg ikkje kva eg gjer, eg har stemmer og dissosierar. Men når eg våkne til meg sjølve igjen så tenke eg shit! Nå har eg fått nye arr... Men i det det skjer ,er smerten og kaoset så stort at arr ikkje betyr nokon ting.

Men eg må leva med desse arrene. Eg kan ikkje gøyme de bort, og sjølvskadingen er noko som går i perioder, alt etter kor mykje stemmer eg har. Det er ganske slitsomt, fordi eg har så skam kring det. Det er skam å skrive dette innlegget, men eg vil forsøkje å forklare korleis det fungerar. Eg kjenner småpanikk for å publisere det. 

Eg tykkjer det er vanskeleg å vise arrene mine, men no som sola skin slik, og det er så varmt, så har eg liksom ikkje noko val. Då må eg tåle evt rare blikk og spm frå folk. Eg må eksponere meg sjølve og stå i angsten. 

Prøvar å tenkje at arr vise at man har vore igjennom ein storm - og kome styrka gjennom det. Sjølvskading er ein måte å takle problemet på. Ingen god måte å takle problemet på, men det er eit problem likevel. 

I menighetsamanheng vil eg kanskje bli sett rart på, ikkje bli forstått, høyre at eg øydelegg Guds tempel, det blir ikkje forstått som ein sjukdom som det faktisk er. Mange slit med sjølvskading, og me må slutte å ha det som eit ´tabu´ tema, men skape meir åpenhet og forståing for det.

Så denne sommaren skal eg prøve å ikkje bry meg om arrene, la folk få tenkje det dei vil. Fordi eg er blitt sterk av alt eg har gått igjennom, og arrene er eit symbol på at eg overlevde <3 

Én kommentar

Sarah Nazeem

27.05.2017 kl.18:00

<3

Skriv en ny kommentar

hits