Klare du å sjå heile personen? Uansett kva vedkommende slit med?



 

Ja, det er eit spm eg stadig kjem tilbake til. Greie du å sjå heile meg, også bak sjukdom? Tåler du heile meg? Tørr du bli kjent med heile meg? Og våger du å la meg bidra, sjølv om eg er litt inn og ut av psyk? Ser du meir enn berre sjukdommen min? Og tørr du besøke meg på psyk, uten å bli redd?

Eg går med ein konstant frykt, tenk om vennane mine ikkje like meg, tåler meg, vil ver med meg fordi eg er innlagt på psyk, fordi eg tabbe meg ut i perioder og går på smeller, ein konstant frykt som vrenge seg på innsida. Særskild i møte med nye mennesker, tåler dei heile meg? Eller skal eg late som, og ta på meg ei maske igjen?

Men det er så slitsomt å vera to personer..... det orkar eg ikkje i lengda. Men det er likevel skummelt å ver ærleg, skummelt å la nye bli kjent med meg, og frykt for å bli snakka om og ikkje likt. Tenk om de baksnakke meg? Sprer usanne rykter? Man veit jo aldri med folk.

Trur orsaka til at eg er redd for dette er fordi eg blei mobba i 17 år. Det har gjort noko med sjølvbiletet mitt, det har gjort meg til ei usikker ung dame, som med iherdig jobbing arbeide for å få sjølvtilliten på plass igjen. Det tek tid, og er ikkje gjort over natta, men eg skal jammen klare denne kneika og!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Skribentens hjørne

Skribentens hjørne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits