Godta sommerkroppen sånn den er uten anoreksi.



 

Ja, eg jobbe med å godta kroppen min, godta denne sommerkroppen, slik min kropp vil ver, ikkje 14kg tynnere som den var før. Men det er ikkje enkelt, styggen på ryggen sit og kommenterar stadig på ryggen, han vil ikkje heilt gje fred han typen der ass. Korleis bli heilt kvitt han?

Eg har brukt utallige år på sulting og overtrening, og veit kroppen ikkje makte meir nå. Så sjølv om anoreksien lurar som eit spøkelse back from the past. så jobbe eg knallhardt for å ikkje høyre på den.

Kvifor skal alltid reklamen om sommerkroppen trigge? Folk skriv om trening, slankeprodukter osv. Når skal me byrje å godta kroppen slik den er? Reklamene i ukeblad og på tv gjer det jo ikkje akuratt enklare. Eg jobbe endå med å godta kroppen min, og merke eg må jobbe ekstra hardt nå som det er så fokus på sommerkroppen.

Men jenter, skal me byrje ein kampanje anti sommerkropp? Der det handle om å godta kroppen slik den der?

Fordi du er verdifull og elska akuratt sånn du er. 

Sommerkampanje anti sommerkropp går ut på:

* Godta kroppen din slik den er

* Tørr å gå med shorts el t skjorte sjølv om du har arr el andre ting du ville skjult

* Godta deg sjølve slik du er, ikkje ver redd for å ikkje bli godtatt. 

* Ikkje la reklamen lure deg, de har gjerne fotoredigerte bilete

* spis måtelig, ikkje stress, men nyt varmen og sommaren. 

------

Er de med meg på dette i år?? Kanskje dette også kan få styggen på ryggen til å tie stille litt om me står imot? Who´s in?

Én kommentar

Anne Beth

28.05.2017 kl.22:52

Jeg er så enig med deg. Men for det første,du ser helt fantastisk ut. For det andre,utrolig bra skrevet. For det tredje du er unik. Takk for at du deler så viktige budskap

Skriv en ny kommentar

hits