Å gjera det slutt med sin beste venn

Ja, det er kanskje på tide nå, etter alle desse åra med tortur, med plaging og mobbing, samstundes som det har vore eit godt vennskap som har redda meg i nødens stund. Men no er det på tide å byrje å ta farvel. Farvel er eit sterkt ord, for denne venen vil nok prøve å kome tilbake att, og eg merke han er der snikande no og, vil ikkje heilt gje slepp - og lokke meg inn igjen, og eg veit eg vil bli lokka inn igjen, men eg har meir redskap å stå imot med. Min beste ven og fiende siden eg var 15-16 år har vore ansoreksien. Nå er det på tide å starte ein prosess der me tek farvel med kvarandre. Eg vel å bruke ordet ´prosess´ fordi dette vil ta tid, og det tek tid å endre eit tankesett man har beskytta seg med i mange år. Ein ting er å klare milepæla å bli normalvektig - ein anna er å endre tankegangen, og greie å akseptere heile seg. 



 

Kjære anoreksi.

Du har skada meg, du har sulta meg og nesten drept meg, du har fått meg til å sjå ned på min eigen kropp. Du har sendt meg styggen på ryggen utallige gonger. Fått meg til å telje kcalorier, nesten øydelagt kroppen min. Fått meg dehydrert og innlagt på sykehus og psykehus. Du har hjulpe meg med å overleve, men samstundes så har du nesten drept meg. No er det på tide me går kvar vår veg. Eg veit det ikkje blir lett, fordi du gier meg også noko. Du gjer meg kontroll og ein gledes eufori som ingen andre kan gje meg. Men nå skal eg prøve å godta kroppen slik den er. For kjære anoreksi, min kropp vil ikkje ver slik du ynskjer den skal ver, den vil ver på eit anna vekt tal, og det er på tide å gløyme det vekttalet du ynskjer. Eg veit du vil prøve å kome på besøk, og eg veit eg kan få dårlige perioder igjen - men eg er meir bevisst. Eg merkar når du bankar på døra, eg kjenner att stemmen din, og skuggene du sender meg. Skuggene som vil angripe meg om eg spiser. Men eg skal jobbe mot deg nå. Eg vil ikkje ha styggen på ryggen der lenger, EG VIL UT I LIVET <3

 

Én kommentar

Sarah Nazeem

30.05.2017 kl.09:54

<3

Skriv en ny kommentar

hits