Spiseforstyrrelsens ´drakamp´.

Eg prøvar verkeleg hardt å spise fleire måltider, å ikkje bry meg om kroppen, men det er vanskeleg, eg skal ver ærleg på det. Mange trur at berre man går opp i vekt så er spiseforstyrrelsen borte, men det stemmer ikkje. Styggen på ryggen som eg har snakka om før sit der likeeins han, og vil ikkje stikke av. Kan nokon dra han vekk?

Det er som ein pendel, det er enten veldig bra, eller veldig dårleg, ingenting midt i mellom. No prøvar eg å akseptere ein kropp eg ikkje kjenne meg att i, den føles ikkje som ´min´. Og eg kjenne eg vert sliten av styggen på ryggen, av å akseptere eit vekttal som er høgare enn eg eigentleg ynskjer det skal vera. Kvifor skal det ver så vanskeleg å bli glad i kroppen sin? Godta seg sjølve nett slik ein er?

For til sjuande og sist så er det jo det det handlar om, å godta seg sjølve, ver raus med seg sjølve - faktisk å bli ven med seg sjølve. Og ikkje ver uvenn med seg sjølve. Eg er klar over at dette vil ta tid, og innimellom vil frustrasjonen kome. Eg er litt sånn som retter alt inn mot meg. Ting er aldri andres feil, men alltid min feil, det er eg som er vanskeleg og komplisert.

Heldigvis har eg ein psykolog som kjempe min sak, som får meg til å snakke, klare å hale ordene utav meg. Eg må igrunnen lære meg å våge å bli litt sinna, ikkje berre rette alt inn mot meg sjølve - men plassere ting der de høyrer heime. Som med spiseforstyrrelsen og styggen på ryggen, han bør plasserast i eit skap, der han blir innelåst og ikkje vert sluppen ut att. Det er nett det eg drøymer om skal skje, han skal verte fengsla for all tortur han har utsatt meg for. Eg berre vente på rettsaken.....



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits