Utmattelse, korleis kome seg på beina igjen?



 

Ja, eg er ganske utmatta, det har vore ekstremt mange påkjenninger det siste året, sidan eg budde i Oslo. EKSTREMT mange, og eg merke eg tåler mindre nå. Beklage eg er sliten for tida. Teamet mitt skal jobbe med å få meg på rett spor igjen. Har eit fantastisk team rundt meg. Lederen i teamet ga meg ein klem i dag, fine K <3 Merke at teamet mitt kjenne meg, de støtte meg, og de er der både i gode og dårlige perioder. Aldri fått så god hjelp før som eg no får i Kvinesdal. Ikkje angra på at eg flytta. 

No byrjer eg jo og å bli litt kjent med folk. Eg berre håpar formen stig snart, slik eg har meir overskudd til å vera her og no, og ikkje fell inn i kjipe ting.

Men eg skal klare denne stormen, eg gjer meg ikkje, eg er sta som eit esel!

Oppskrift på å kome seg utav utmattelse: Søvn, omsorg frå gode menneske rundt, eit stabilt team som skjøne ein, og har trua på ein.

Så med denne oppskrifta håper eg å kome ovenpå snart. Step by step. One day at a time. Det er av personlege årsaker ikkje alt eg vel å dele her på bloggen, litt privat må man og få lov til å ver. Eg ynskjer å snakke generelt om psykisk helse, ikkje snakke om meg som person. Eg kan godt dele med deg korleis eg har det og slikt, men det er mykje eg ikkje deler og. Sånn vil det jo alltid vera, og skal man alltid dele alt? Er det ikkje nok å dele stykkevis og delt? Også kan de som er rundt vite det som trengs å vites. 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits