Kan anoreksi samanliknast med ein alkoholiker?

Å drikke alkohol gjer ein rus, å ikkje spise gjer også ein slags rus. For ein som slit med alkohol vil alkoholen alltid ver ein fristing og problem sjølv om personen ikkje drikk lenger, Det same gjeld ein med anoreksi, eller spiseforstyrrelse generelt. Det er ikkje vekta som avgjer kor sjuk du er, men kor stort fokus det får i kvardagen. Og vil ein anorektiker alltid ver ein anorektiker? Vener seier du som har anoreksi til meg sjølv om eg no er normalvektig. De har forstått noko samfunnet ikkje har forstått generelt. Det sit nemlig i hodet, mellom øyra. Eg kan surre med maten og ver normalvektig nå. Eg kan ikkje droppe eit eineste måltid fordi då er den vonde sirkelen tilbake att. Men det er kjempevanskeleg å halde seg på det rette sporet, godta ein ny kropp. Det er vanskeleg for ein alkoholiker å halde seg tørrlagt når det vert servert alkohol. Sånn har eg det med mat. Blir det servert mat så vert tankane og fokuset mitt over på maten, og maten blir skumle kcalorier som skaper krympedyr i klesskapet, 

Men kan man bli ein tørrlagt anorektiker? Sånn heilt og fullt? Slik som mange av alkoholikere som har vore innom evangeliesenteret blir satt i frihet. Er det så enkelt at berre vipps der er man fri?

Eg trur prosessen er vel så viktig som målet, det du lærer undervegs, om deg sjølve og kven du er. Og aller viktigst, kven er du uten sjukdommen? Kanskje noko å reflektere over? Kven vil du ver, korleis ynskjer du andre skal oppfatte deg? Før var mitt mål at eg skulle vera tynn, vellukka og perfekt, det skulle ikkje sjå ut som om noko var galt. Men blei eg meir lukkeleg av det? Nei, eg trur sanninga og ekthet set ein fri, det er ein del av prosessen, og erkjenne at denne prosessen vil ta tid. Det er lov å la den få ta tid, det er viktig å la den få ta tid. For når du let prosessen ta den tida den treng, så vil du verta sterkere - og du vil stadig lære nye ting. Så kjære deg, ikkje ver redd for prosessen, det er mi oppfordring i kveld. 



 

 

4 kommentarer

Line

05.06.2017 kl.00:15

Det er den dummeste overskriften jeg har sett må bare være ærlig.

Det er to forskjellige sykdommer !!!! :)

Skribentens hjørne

05.06.2017 kl.06:32

Line: Modum som er spesialister på anoreksi samanlikner det med alkoholisme faktisk, og det er også gjort forskning på dette.... Det er to forskjellige sykdommer men de blir ofte samanlikna terapeutisk.

A.B.

05.06.2017 kl.06:20

Anoreksi og alkoholisme kan absolutt sammenlignes.Det kan ofte være ulike mestringsmåter på samme hovedproblem.Det samme gjelder de som ruser seg på andre rusmidler,tvangstrener,overspiser og har en sykelig adferd for å holde vanskelige følelsesmessige ting unna.Hvorfor så sint?

Skribentens hjørne

05.06.2017 kl.06:32

A.B.: Er ikkje sint :-))

Skriv en ny kommentar

hits