Det perfekte smilet som skjuler mørket.

Har du nokon gong opplevd det, å kjenne på smilet, at det på ein måte er ekte - men så er det ikkje heilt ekte likevel? Du syne til verda at du har det bra, men inni deg er det eit sort hull? Du kan lure hjelpeapparatet rundt deg trill rundt til å tru det går greit. Men kven er det eigentleg man lurer? Det er ikkje de rundt seg man lurer, men man lurer rett og slett seg sjølve. Du lyg til smilet ditt, faker, og latar som alt er greit. Kanskje er du redd for å sleppe folk innpå deg, kanskje er du redd for å la tårene renne, sjølv om det er det du kanskje eigentleg treng? For å kunne støtte deg, må du tørre å la andre kome innpå deg, tørre å våge å ver sårbar, er du ikkje det, så er det ingen som kan forstå korleis du har det. Veldig få greie å sjå bak fasaden til folk.

Men tørr du sleppe maska? Er du klar for det? Er du klar for at verda skal få sjå den verkelege deg? Det sorte hullet du skjuler bak smilet ditt? Våger du å erkjenne, vera sann og ekte? Eller er det enklare å gøyme seg bak dette smilet?

Då eg var på Modum på spiseforstyrrelse avd fekk eg alltid høyre: Du smile alltid du, uansett om du kjem og har vondt og treng ein ibux så smile du, du må slutte med det. Men når man er vant til ein ting, vant til å beskytte seg sjølve, så er det det man gjer, og ergo andre kan tru det går greit. Fordi du smile og legg ut eit bilete av deg sjølve på fb at du smile, så vil andre lett kommentere: Så godt du ser ut, så fin du er - men våger folk å spørje korleis du har det? Tørr me spørje venene våre korleis dei har me? Og tåler me det ærlege svaret som ligg der, bak smilet du kanskje ser?



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Skribentens hjørne

Skribentens hjørne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits