Ingen skam å be om hjelp til vasking når energien er lav...

Jepp, eg tok motet til meg, og sendte pm til ei som vaske, naboen min faktisk. Eg innsåg at eg trengte litt hjelp. Ikkje fordi det er veldig rotete eller skittent her, det veit de som kjenne meg, men fordi eg har vore mykje borte, både med eiken og innleggelser, og energien er rett og slett på 0 for tida.... Så då var det på tide å erkjenne for seg sjølve at eg treng hjelp, rett og slett. Og eg merke det er så fint å få hjelp, og ho er så utruleg hyggelig :-) Så eg har vore kjempeheldig. 

Eg treng at det ser ryddig ut rundt meg og er vaska og reint, alltid hatt eit system på dette, uansett kor ´trangt´ eg har budd. Men i det siste har systemet rakna, og eg trengte rett og slett litt hjelp. Men kvifor skal man alltid ver så sta, og ikkje be om hjelp? Eg merke på psyken min at det føles så mykje betre no som me er igang med reingjeringa, og ta tak i det. Det betyr ikkje at eg er ein rotete person, men når energien ikkje er på plass, er det jaggu ikkje like lett å ha tiltak til å vaske. Og når det føles kaotisk rundt en blir det værre psykisk.

Kan anbefale å be om hjelp med vasking om det er tiltak, det hjelper på psyken. Og det finnes vaskedamer som ikkje er så dyre, så det er mogleg å få til for den som har lite penger også :) Kanskje man feks kan ha annakvar veke, så blir det ikkje så ille, også klare man den andre veka sjølve? Klart, har man ikkje råd så har man ikkje råd, og det er mange ting eg ikkje har råd til, men dette skjønte eg at eg måtte berre prioritere... Fordi psyken min trengte det. Sophie Elise har vaskehjelp, så kvifor kan ikkje eg det? ;-) 



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits