Ville du ansatt en som har vore innlagt i psykiatrien?



 

Korleis ser du på ein person som har vore innlagt i psykiatrien? Trur du vedkommande kan ver ein ressurs, sjølv om vedkommende i perioder er dårlig og innlagt, og kanskje treng sjukemelding. Hadde du klart å sett heile personen, både den ressurs sterke delen og den delen som ikkje har det så greit?

Eg fungerte på topp i 2013 før det sa pang, og eg har slitt med å kome tilbake i arbeidslivet, ikkje fordi ingen vil ansette meg for eg har ikkje søkt på jobber i det heile, men fordi overskuddet ikkje har vore der. Eg har bidratt litt frivillig, men no kjenne eg at eg sakne noko meiningsfullt å gjer. 

Så, ville du turt.å ha tillit til meg, om du visste om min sykehistorie? Men likevel så visste du at eg har høg arbeids erfaring og høg utdanning. Ville du gitt meg sjangsen??

Livets skule er tøft, men det er så utruleg viktig å kunne få bidra i samfunnet, få ver ein del av samfunnet, ha noko meiningsfullt i kvardagen å gå til. Det sakner eg veldig.. 



 

Én kommentar

Sarah Nazeem

11.06.2017 kl.18:27

Jeg ville ansatt deg!!! <3

Skriv en ny kommentar

hits