Slitesterk tro



 

Sommaren er her for fullt, blomane blømer og alt skapes på nytt igjen. Det er ei ny tid, ei tid med forventing og eigentleg ei tid som skal skape glede. Guds skaperverk spirar og gror, slik me menneske og gjer i ei slitesterk tru. Stormen vil gjerne kome og rase rundt deg, men Gud svikter deg aldri, sjølv om han kan kjennes langt borte. Gud elske deg med ubetinga kjærleik, det handle verken om å prestere eller krav- men du er god nok der du er.

Eg merke for min del at uansett kor tøft eg har det, så klare eg ikkje å miste trua mi - ja den slites og ripes på, men den er der, Jesus har alltid sendt det eg har behov for i min veg til rett stund, alltid, han har alltid svart på sin forunderlige måte, og midt i stormen har han vist at han er der, sjølv kor vanskeleg det er for meg å sjå det.

Men eg trur det er normalt, alle som trur, uansett kva tru du har vil ha tvilsperioder, fordi stormen er sterk, Men han har ikkje lova oss berre gode dager - men han har lova å vera med igjennom alt, absolutt alt. 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Skribentens hjørne

Skribentens hjørne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits