Det er heilt ok å ver singel som 35!



 

Ja, faktisk, det er heilt ok å ver singel, man har mykje frihet, og det er ei fin tid å ver singel på. Eg har diverre nok dårlige forhold bak meg, så då er eg heller singel og har det greit med det, enn å ver i eit forhold der eg ikkje har det greit. Sjølvsagt det finnes jo snille menn og, eg meiner ikkje å døme nokon, no snakkar eg basert på erfaringar.

Men veit du, kvifor trakte etter eit A4 liv? Ville eg hatt mindre psykiske prob om eg var gift og hadde barn? Neppe. Det er nok av tilfeller der en med psykiske problemer sliter endå meir når de evt blir gift og får barn. Dette skjer jo ikkje alltid - men det kan skje. 

Sjølvsagt så er jo sakne der, eg skulle ynskje eg ikkje blei forsøkt voldtatt som 19 åring og derav frårøva moglegheita til å få normale relasjoner til menn. Eg blir lett kompis med de, og har mange gutevenner, men så snart de kjem nærmere enn det får eg panikk. Sånn er det. Eg veit eg må jobbe med dette, fordi eg ynskje jo ein dag å finne ein mann. Han skulle gjerne ha kome ridande på ein kvit hest inn i gardsrommet her.

Slik ting er no fungere det fint å ver singel, eg har gode vener rundt meg, og eg følar meg ikkje åleine. Men ein vakker dag så er draumane der, lengselen der, så kanskje ein dag lenger fram i tid så kjem draumemannen?

Det burde uansett ver ok å ver singel og 35, det er mange på min alder som ikkje har nokon, så kvifor skal det bli sett så rart på? Vel så blei eg ikkje gift som 20 åring, ting øydela for det. Men eg har akseptert det og det er heilt greit å ver åleine no. Sakn vil alltid ver der men det har eg akseptert også. 

De gongene eg kan kjenne saknet er særskild på fester, i bryllaup, i ulike familie selskap der alle ser ut som de er ´lukkeleg´ gift med familie og barn. Men er det berre ein dans på roser å vera gift? Eg trur ikkje det, verkeleg ikkje. 

Ein dag skal nok eg og finne den rette, men han får kome når det er naturleg han kjem, og eg stresse ikkje med det. Og eg trur og eg ikkje er åleine om å ver singel, me er fleire. Det er kanskje meir vanleg enn du trur?



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Skribentens hjørne

Skribentens hjørne

35, Kvinesdal

Kategorier

Arkiv

hits