Ein fettvalk er heilt ok det, sommar - eg er klar med den kroppen eg har ;-)



 

Sto i prøverommet her ein dag og prøvde klede, det er jo ingen hemmelighet at eg har gått opp i vekt pga eg nå nesten er frisk frå spiseforstyrrelsen. I mine augo såg eg litt fett på magen, men veit du, eg gidd ikkje bruke meir energi på å bry meg om det1 Min kropp er søren meg god nok som den er, og kanskje det faktisk berre er spegelen på prøverommet som lurte meg også? Kven veit?

Men denne sommaren skal eg ta livet mitt tilbake, eg skal ta ´maten´ tilbake. Tørre å spise det eg vil uten å ver redd. Eg har faktisk ei stabil vekt no, og kan spise det eg vil - så i år skal eg det uten dårlig samvit. Eg skal tørre å gå i singlet, tørre å gå i bikini, prøve å drite i kropp og arr. For veit du, eg overlevde denne stormen eg - eg er sterkare enn før, og jaggu skal eg ta tilbake denne sommaren!

Arrene mine vise berre at eg har overlevd, eg er her endå og søren meg har eg tenkt å fortsetje med det :-)) Så får ein ´magevalk´ ver ein magevalk hehe. Eg skal ikkje la prøveromspegeen lyge til meg meir, eller stjele meir negativt fokus, den har gjort det nok, øydelagt så mange år. No skal eg prøve klede, og ikkje la meg bli pressa til å gå ned i vekt fordi eg ser noko anna på denne spegelen. Nei, min kropp er god nok som den er :-)



 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits